Kunstsilo Live

Konsert i Panorama med Kim Rysstad og Trym Bjønnes

Kim Rysstad
8 October 2024
– 8 October 2024
Panorama

Price 450 kr

null

Høstmagi i Panorama! Samspelet mellom Trym og Kim omtalast som noko heilt spesielt og tida står nesten stille når dei let røystene smelte saman i klokkeklare harmoniar.

Hausten 2019 fekk Kim sitt definitive gjenombrot som artist då han var ein av deltakarane i Stjernekamp på NRK1. Han sjarmerte og imponerte både domarar og heile Noreg på sin veg til finalen, der han vann 2 plassen. Kim har gjeve ut fleire plater i eige namn, der andreplata «Vegen» vart nominert til Spellemann. Med kritikarfavoritten «Snøen laver ned», ei joleplate med sjølvaste London Philharmonic Orchestra inntok Rysstad 1.plassen på iTunes liste over mest solgte album i Noreg.

Han har vore med i MGP to gonger, bl.a med «Så Vidunderleg», deltatt på Beat for Beat, og hatt eigen jolekonsert på NRK1 med Kringkastingsorkesteret. Det har også blitt samarbeid med fleire av Noregs fremste musikarar og songarar som Trygve Skaug, Knut Reiersrud, Tord Gustavsen for å nemne nokre. Kim har gjort duettar med Silje Nergaard og Anne Grete Preus, samt gjort mange solistoppdrag med nemnde KORK, Kristiansand og Trondheim Symfoniorkester. I 2021 gav Kim Rysstad «Draumkvedet» ilag med KORK. Innspelinga fekk strålande omtale og t.d skreiv Aftenposten at "Draumkvedet kan knapt gjøres mer tiltrekkende enn dette". I 2019 vart folkemusikken frå Setesdal innskriva på UNESCO's liste for «immatriell kulturarv», dette inspirerte Kim til å gå attende til røtene og i fjor kom boka «Or Setesdal» til både 5 og 6 på terningane. Førre året baud på eit nytt album: «Villfarande Barn». Ei samling gamle salmar og åndelege viser der Kim samarbeidde med Arve Henriksen og Tord Gustavsen. Plata har fått særs rosande omtale og anmeldelsar i media, samt ein nominasjon til Spellemannprisen i klassen for Tradisjonsmusikk. Samarbeidet med Trym Bjønnes starta i 2010 og har sidan resultert i tallause konsertar, både i inn og utland. Samspelet mellom Trym og Kim omtalast som noko heilt spesielt og tida står nesten stille når dei let røystene smelte saman i klokkeklare harmoniar. Alt frå mellomalderballadar til salmar og mgp står på repertoaret til Trym og Kim. Dette er rett og slett ein konsert du ikkje vil gå glipp av!

Praktisk informasjon

  • Det er unummererte seter i Panorama denne kvelden
  • Baren held ope
  • Dørene opnar ein halvtime før arrangementet startar
  • Medlemmar må ha med seg medlemskort saman med medlemsbilletten
  • Ledsagarbilletten krev ledsagarbevis

Kunstsilo

Sjølystveien 8, 4610 Kristiansand Norway [email protected]

+47 38 07 49 00


Postal adress

Kunstsilo Sjølystveien 8 4610 Kristiansand NORWAY

Opening hours

Exhibitions and Shop Mon, Tue, Sat and Sun: 11am – 5 pm Wed, Thu and Fri: 11 am – 9 pm

Brasserie, Main floor Mon-Sat: 11 am - 10 pm Sunday: 11 am - 7 pm

Panorama, 9th floor Mon, Tue, Sat and Sun: 11 AM - 5 PM

Wed, Thu, Fri: 11 AM - 9 PM

Kunstsilo logo Tangen samlingen logo